Konsert: Bretton Woods

Konsert: Bretton Woods

#konsert #oslo #country

  • Dato

    Fredag 24. okt

  • Tid

    20:00 – 22:00

  • Pris

    Free Entry

  • Alder

    20+

Bli med på konsert på Abelone 😍

Revolveren sit jamt laust i hylsteret i tekstane til Bretton Woods. Skildringane frå Ville vesten er ingen sundagsskule, med svindel, plyndring, trugsmål, vald og mord.

Til skilnad frå annan countrymusikk krinsar tekstane i stor grad rundt fattigdomsrelatert elende og andre globale spørsmål.

No har bandet lyft blikket til nye luftlag og blitt reint spirituelle. Dei har lagt vekk revolver og slagverk og er aktuelle med ein ny EP, Tracks to Heaven.

No inviterer dei til sleppfest for å markere at den religiøse perioden er over; endeleg, vil somme seie. Vi kan vente oss ei salig blanding av gripande hymner og profan honky tonk denne kvelden. Noko for ein kvar smak, altså.

PS: Det er gratiskonsert! 🎉 Reserver bord via lenken!